rib

Kurs

Kva treng ein?


I alle våre kursprisar er bokpakke og sertifiseringsavgift inkuldert i prisen. Bokpakke er PADI sin pensumpakke som er unik for kvert kurs, i grunnkurs-pakka består denne av pensumbok, dykkartabell, elektronisk planlegger, forklaring til tabell loggbok og diplom. Sertifiseringavgifta er utgifta vår til PADI, slik at dei kan lage sertifikat til deg etter endt kurs.

I kursavgifta er også leige av utstyr inkludert. Dette inkluderar: tørrdrakt, ventilsett, hette, hanskar, bottomtimer, kompass, vest bly og flaske.

ABC-utsyr er personleg og er ikkje inkludert. Vi seljer ABC-utsyr tilpassa den enkelte ca pris 2000,-

Før ein begynner med sjødykka må ein og ha godkjenning frå ein almennlege. Dette er ein vanleg sportsdykkarsjekk. Det dei sjekkar der er blandt anna blodtrykk, respirasjon tidlegare og nåværande sjukdomar. Berre for å være sikker på at du er helsemessigskikka til sportsdykking. Fastlegen din kan ta denne testen på deg. Pris for brukar å ligge mellom 400-1000 kr.
Skjema for denne testen kan du finne her. Kan være lurt å ta med skjema til legen slik at han veit kva han skal teste.
Egenerklæring: http://www.mil.no/multimedia/archive/00075/Egenerkl_ring_og_hel_75129a.pdf
Legeerklæring: http://www.mil.no/multimedia/archive/00075/Legeerklering_fritid_75128a.pdf

Velkommen til oss...